Poesilarm: "Stormstillaren" Sondre Hallvardson Bjørgum og Geir Bremer Øvrebø

15.30

Urpremiere på Bygdalarm 2022

Poetiske tekstar og elektronisk musikk

Det nykomponerte verket «Stormstillaren» får urpremiere på Bygdalarm 2022!
Bjørgum har skrive tekstar som vert fletta saman med elektroniske musikkuttrykk komponert av Øvrebø.

«Stormstillaren» handlar om barndom og identitet, om å reisa bort og å lengta heim – kort sagt det urolege mennesket som står i fare for å lengta seg bort frå sjølve livet.

Sondre Bjørgum er oppvaksen i Norheimsund og har utdanna seg som dokumentarfilm-regissør og tekstforfattar. Han er kjend for mange TV-dokumentarar, mellom anna TV-seriane Toll for TV 2 og dokureality-seriane Vita og Wanda på NRK. Han kan skilta med fleire nominasjonar til dokumentarfilmprisar både innan- og utanfor landegrensene dei siste åra.

Den lokale ordsmeden er òg skjønnlitterær forfattar. Bjørgum har mellom anna gitt ut diktsamlingane Første gong me møttest som snø, Ein far til overs og Utan dekning. Til hausten kjem ei ny diktsamling på Aschehoug forlag.

Geir Bremer Øvrebø eller heller ikkje kven som helst. Han har nemleg vore profesjonell musikar sidan 1985 og arbeider både som komponist, produsent, studioteknikar og utøvande musikar innan sjangrane jazz, rock og pop. Han har òg komponert musikk til ei rekke teateroppsetjingar og filmar. I tillegg har han laga lyddesign til ymse reklamar og dataspel.

Bjørgum og Øvrebø har arbeidt saman i ulike samanhengar, mellom anna med TV-produksjonane «Vita og Wanda», «TOLL» og «Forsvaret». De har med andre ord mykje godt i vente når desse to kreative utøvarane presenterer «Stormstillaren» laurdag 02. juli på Hardanger Fartøyvernsenter.

Velkomen!

Dato og stad: 02.07.22 klokka 15.30 i kaféen på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.

Bill: Ticketco og Vipps/kontant ved døra. Avgifter er inkludert i prisen.
https://kvammallag.ticketco.events/…/stormstillaren__sondre…

Arr: Kvam Mållag i samarbeid med Bygdalarm 2022

Takk til Folkeakademiet, Gullsmed Bjørgum, Aschehoug forlag, Sparebanken Vest, Noregs Mållag og Hardanger Fartøyvernsenter. Utan stønaden deira hadde ikkje dette arrangementet vore mogleg!