Fagernes Yacht Klubb

Hovudscene

Fagernes Yacht Klubb til Bygdalarm!

Av Fagernes Yacht Klubb osar det udødelege hits, og bøttevis med eufori på scenen og blant publikum. Tilbake i 2009 tok bandet konsert- og festivalnoreg med full storm og blåste vind i segla til ei lang rekke klassikarar.

Med sitt relativt store kobbel av talentfulle musikarar leverar dei varene frå hyllene til Toto, Christopher Cross og Lionel Richie. FYK er nærmast blitt ein garantist for sveitt dansing og enorme smil.Sjølv om dei kanskje er mest kjent for sine energiske coverleveransar, snekra dei saman to deilige singlar i 2021.

“Closed in By Now” og “Gotta Go Back” er pakka med feel good groove, blåsarar og skikkeleg god energi! Når Fagernes Yacht Klubb går på scenen kan ein forvente det uventa, så om du befinn deg på Bygdalarmplenen då er det berre å klargjere allsong-stemma og sette klar taktfoten - det blir ikkje mindre enn episk.Yachtrock til bygdafolket.