Hausten 2016 fekk Noreg fleire fargar frå Vestlandet i musikkpaletten. Bergensungdommen gjorde reint bord med singelen Hide And Seek og dei vakre tonane larma både hjå Lindmo, TV-Aksjonen og hjå P3-Christine.
Med den særeigne stemma og eit ekte lydbilete er han igjen aktuell med ny musikk, og i 2023 kjem dePresno med fleire nye songar - som resulterar i eit nytt album i løpet av året. Kanskje Bygdalarm-publikummet får servert rykande ferske låtar?
Den ferskaste singelen Silence såg dagens lys 18. november og har etablert seg på P3-listene. Samtlege låtar er produsert av Odd Martin Skålnes, som har produsert for blant anna Sigrid, Aurora og Daniel Kvammen - eit skikkeleg kvalitetsstempel!
Frå tidlegare av kjenner me dePresno gjennom radiolista låtar, som: See You soon, Wanderers og Too Fucked Up To Love You er nokre av mange som understrekar hans musikalske unikum. I 2021 fekk publikum servert albumet Places, eit plate som skildrar ulike stader frå livet til dePresno.
Den unike songstemma, den ærlege popmusikken, og dei såre tekstar om kjærleik treff oss midt ihjarta - og mange fekk oppleve den store stemme gjennom NRK-serien “De neste” våren 2021; der fekk ein høyre seks unike tolkningar av låtane til blant anna Sondre Lerche, Ingebjørg Bratland og Magnus Grønneberg.
Få fangar og engasjerar publikum som den unge bergensaren og han vert garantert ei oppleving som gjev gode veksttilhøve for eufori og bygdaelsk.