Bygdaboogie

Klubblarm
Straumen
23:30

Fredag:

Den ultimate dansehendinga BYGDABOOGIE held fram! Straumen vil bugna av skamlause hits, mykje skuldige gleder, litt swing og mykje moro. Fredagen blir det dansbar dynamitt når trioen Boogietausene (DJ Sara Brut, DJ Beyones og DJ Sideflesk) spelar opp til lifleg dans. Her vert det alt frå La det swinge til Thongsong! Er det lov å håpa på litt Whitney?

Laurdag: Laurdagen spelar grand old men of Bygdalarm DJ Evil Mutsache og Dj Pandemonium  til deilegdans i Straumen. Dei seier alt er lov - og lovar ein uføreseieleg miks av skuldige gleder, rykande ferske hits og sjølvsagt litt ballerock om det skulle bli behov for det. Det vert sveitt, skamlaust og svulstig!