Kjøp
Bilettar!

nyhende

Kan DU gjendikta Leonard Cohen til nynorsk?

Utlysing:

‍”Suzanne”, ”Famous Blue Raincoat”, ”I´m Your Man” eller kva med ”The Future”? Du som
kjenner din Leonard Cohen har garantert favorittar, men tek du utfordringa og gjendiktar
yndlingssongen?
Me utfordrar med dette lekmann og lærd over heile landet til å kasta seg inn i den uhøgtidlege
tevlinga om dei beste Leonard Cohen-gjendiktingane på dialekt eller nynorsk. Vinnartekstane
vert framførte av eige husband (TBA) på LittLarm i Norheimsund, under Bygdalarm laurdag 6. juli.
Tevlinga går kort og godt ut på å ta føre seg ein (eller fleire) av dei mange songane
Leonard Cohen har på samvitet og skrive ei gjendikting som er originalen verdig. Og
sagt med hans eigne, nynorske ord: “Det finst ein sprekk i alle ting, det er slik lyset
kjem seg inn.” Kan du kasta lys over diktarskapen til den store kanadiske skalden?

Reglar:

Deltakarane får stor fridom. Bokstavtru omsetjing vil ikkje naudsynlegvis verte premiert. Det
viktigaste er å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, og ein må gjerne tilpassa han til
norsk samtid. Det er og ein føremon om verselengder og rytmer vert intakt, slik at sangen kan framførast
nokolunde likt med orginalen.
Teksten skal vere nynorsk-basert eller på dialekt. Dersom han er på dialekt, set me pris på at
dette er gjort mest mogleg gjennomført. Legg gjerne ved forklaringar.
Ein jury sett saman av forfattarar, musikarar og representantar frå arrangørane kjem til å kåra
ein vinnar og to delte andreplassar, som alle vert framførte.
Legg ved namn og kontaktinformasjon.
Premiar:
I tillegg til å få gjendiktinga framført av husbandet, vil vinnaren av konkurransa få både heder
og ære sovel som dagspass til Bygdalarm.
Tidsfrist:
Teksten må vere arrangørane i hende innan 1. juni 2019.
Kontaktinformasjon:
Send di gjendikting saman med originalteksten til littlarm@bygdalarm.no