nyhende

Bygdalarm 2021 er avlyst

...men ikkje heilt

Det er med uhorveleg mykje hugverk me må melda at det ikkje blir festival i år heller.

Me har prøvd, me har ynskt, me har planlagt, men viruset spelar ikkje på lag. Dugnaden er ikkje over, og det blir rett og slett ikkje mogleg å skape Bygdalarm på ein måte som held i hevd den gode, sprø og bygdaelskande ånda me er ein del av.

Dette er heller ei utsetjing enn eiavlysing, for me er allereie i gang med å planlegge festival neste år. Og då, vyrdeBygdalarmarar, drengar, tauser, karar, frøkner, folk og fe, DÅ blir det den fjordaste, fonnaste, fenalåraste festivalen verda har sett!

MEN ikkje legg andre planar i bygdalarmhelga! Me lovar eit alternativt arrangement også i år! Så frivillige skal få drenga og tausa seg, og fyrste helga i juli som alltid vert fylt med bygdaelsk og grøn hugleik. Me kjem tilbake med meir så snart me kan!

Foto: Tonje Noréa Gauden/Bygdalarm