Kjøp
Bilettar!

Frivillige

For å avvikla festivalen me alle er så glade i, treng me hjelp frå frivillige drengar og tauser som veit å setja pris på godt, gamaldags dugnadsarbeid.

Jobbar du ein av dagane, får du gratis inngang den andre. Enkelt og greitt.

Me treng folk til å fylla desse arbeidsoppgåvene:

Trivselsvakt 
Du har ansvar for tryggleiken og trivselen til gjestene ved bygdalarm. Du skal opptre som «vakt», men samstundes vera blid og imøtekommande og sørge for god stemning.

Billett og akkreditering
Med godt humør og stort pågangsmot tek du imot alle festivalgjengarane og syt for at dei får løyst inn billett og får armband.

Effektseljar
Du jobbar inne på festivalområde, og får dermed nyte musikken og stemninga medan du sel fantastiske bygdalarm-effektar til festivalen sitt kvalitetsbevisste publikum.

Scenearbeidar
Som scenearbeidar har du ansvar for å hjelpe til på og ved scenen før, under og etter konsertane. Dette er festivalen si intervalltrening, då det er periodar med stillesitting og periodar med meir arbeid.

Drikkeservering
Her syt du for at alle festivalgjestene får leska strupane sine med øl, vin eller mineralvatn.

Opp-/nedrigg
Dette er arbeidslaget som set i stand og tek ned festivalområdet. Ein er med å setje opp scena og rigge sjølve festivalområde, og/eller på å rigge ned. Arbeidsdagane vil vera før og etter festivalen. 

Scenevakt/nedrigg
Du er scenevakt på laurdagen, og hjelper til med nedrigg når konsertane er slutt.

Nattevakt
Festivalområdet treng litt pass også etter at konsertane er slutt og om natta.

Meld interessa di og ynskt arbeidsoppgåve i skjemaet under. De som allereie har meldt interesse på e-post treng ikkje gjere det igjen.

NB: Påmelding er bindande.

Me tilbyr

  • Full opplæring i det du skal gjera i god tid før festivalen
  • Årets frivillig-t-skjorte laga av vår eiga designargruppe Overhaus
  • Du får delta på den smått legendariske frivilligfesten sundagen etter festivalen
  • Gratis festivalpass som kan nyttast den dagen ein ikkje jobbar 
  • Knallgod, lokalprodusert mat den dagen du er på jobb
Takk! Meldinga di er motteken!
Ops! Noko har gått galt!