Artistar

The Dogs

The Dogs, med Kristopher Schau i spissen, ga ut sitt fyrste album hausten 2013, då lovte dei å gje ut eit album på nyåret kvart år, og det har dei jammen halde. Årets album Before Brutality har fått toppkarakter over heile fjøla, og blir mellom anna kalla «en gavepakke for danseglade publikummere», og det er jo bygdalarmpublikum!

Dette er punkete låverock på sitt beste, med all den energien og fandenivoldskheita ein berre kan drøyme om blant hesjer og staur på plenen ein lys sumarkveld. The Dogs er som legendar å rekne, så finn fram hytteneven og ta på knebeskyttarar, for dette blir årets mosehol-konsert. Me gler oss!!