5.–6. juli Norheimsund

Artistar

Mikhael Paskalev

Dette er god stemning! Mikhael Paskalev starta med kassegitar, munnspel og å danse i undikken, no er det synth, bass og glitter som gjeld. Og dette er deilegpop på sitt beste, musikk ein kan danse til langt inn i sumarnatta med eit svært glis rundt munnen. Paskalev gjorde ein liten gjestepptreden på Bygdalarmscena under Jonas Alaska-konserten i 2012, og så vidt me veit har han drøymt om å kome tilbake heilt sidan då.

Mikhael brakdebuterte med singelen ”I Spy” i 2013. Så gav han ut album, reiste på turné, og kom visst nettopp tilbake! I fjor kom altså album nummer to frå dansemasteren frå Ålesund, og der får me klar melding: ”Keep dancing!” Og det er det klart me skal!