Artistar

Kriminell Kunst

Kriminell Kunst har herja stavangertraktene i evigheiter (14 år), og endeleg skal dei komme litt lenger nord og spele for oss! Med bakgrunn frå tette, sveitte klubbar vert dei eit perfekt høgdepunkt på Klubb Nistagato. NRK P3 har skildra låta «Gjer faen» som «hard Stavanger-hiphop med rå flow, internasjonalt produksjonsnivå og et skikkelig fengende refreng».

Etter konserten på bransjetreffet 100dagar på Stord vant Kriminell Kunst Vestlandssatsinga, og meldinga etter den konserten var at dette er hiphop med feite rytmar, og refreng så uimotståelege at du syng med uansett. Dette er elegante raparar med relevante triks, lure flir, deileg driv, humor og eruptiv attitude. Oppsiktsvekkande høg kvalitet på låtar, lyd, show og utførsel. Det er berre å gle seg.