Artistar

Jon Hjørnevik

Jon Hjørnevik tek med seg dikt og musikk og kjem for å laga poesilarm! Torsdag 1. juli på Bygalarm mini sitt festivalområde vert det lyrikk, lått og løye.

Jon Hjørnevik kjem diverre frå Voss, men skriv dikt so ein skulle tru han var Harding. Om det er steinras, jenter eller frukost på senga han rimar om, så gjer han det med liv, lyst og heilt utan skam.