5.–6. juli Norheimsund

Artistar

Hjerteslag

Hjerteslag kjem tilbake til Bygdalarm 4 år etter at dei eigde både scenen og publikum i 2014. Bergensgjengen har tatt oss alle med storm, og konsertane deira er kjent for å skape kø og tomme billettblokker.

Sidan førre Bygdalarm-besøk har Hjerteslag spelt på ei lang rekke festivalar, gitt ut to album og vore oppvarming for sjølvaste The Killers, og det vert sånn stas å ta imot dei med fjord, fonn og fenalår igjen! 

Albumet ”Vannmann86” fekk enkelt og greit femmarar over absolutt heile meldarfjøla og andreplass på Dagbladet si liste over beste norske album. Med evigflotte bergenstekstar og tonar som gjer det umogleg å ikkje herje laus, blir dette legendarisk.

Om ikkje Sonja vil danse, så vil i alle fall me!