5.–6. juli Norheimsund

Artistar

Hajk

Hajk får æra av å sparke i gang Bygdalarm 2018, og me kunne ikkje vore meir nøgde!

Dette krembandet har vore litt av eit stjerneskot i det siste, og er ifølge Dagsavisen vårt nye favorittband. I 2017 gav dei ut debutalbumet, og blei like greit spellemannsnominert med det same. Ei samstemt norsk og utanlandsk presse hyllar oslogruppa, og me er ikkje snauare!

Med ein musikk som har blitt samanlikna med alt frå Phoenix til Grimes til Dire Straits til Belle & Sebastian, seier det seg sjølv at dette er noko dei fleste kan elske. Her får du både digge balladar som er like vakre som ei sumarnatt i Hardanger, og som gjer det (nesten) umogleg å la vere å kline med sidemannen/kvinna, til herleg deilegpoppete låtar som utan tvil vil føre til spontandans med (den andre) sidemannen/kvinna.