5.–6. juli Norheimsund

Artistar

Great News

Tre år etter at dei starta, har Great News verkeleg skapt seg eit namn, og skin sterkt blant stjernene på bergenshimmelen. Dei tre karane er meistrar I å skape ei konsertstemning ein ikkje gløymer, og lovorda har hagla frå meldarane for både musikk og konsertar. I fjor spelte dei på Bergenfest, Øyafestivalen, og året før gav dei oss ein sumardraum av ein opptreden på Bygdalarm.

16. februar var endeleg debutplata ”Wonderfault” klar, og igjen drog meldarane fram superlativa. Dette er den typen musikk ein berre vil lukke augo og danse rundt til, med gras mellom tærne og solnedgangen i ryggen.