Artistar

car.pool

Siste band ut for Bygdalarm-mini er Car.pool!!

Car.pool leverar ein eksplosjon av 80-talls pop og moderne rock, kombinert med heftig lys- og sceneshow!! I 2020 vant dei “Vestlandssatsinga” – eit talenbyggingsprosjekt som er te for å løfta flinke musikkfolk opp og fram. Dette blir ein fest for både øyre og auge!!

car.pool er Vestlandssatsinga 2020! Under 100 dagar plugga dei i utstyret, sparka i gang festen -og serverte ein gloheit konsert utan eit einaste keisamt sekund. Ungdommeleg energi og speleglede. Modne ferdigheter, og rå teft for å smi fram über-catchy låtar. Og på toppen ligg Ida Sofie Laland sin ville powerpop-vokal. Guts og sjarm er skrudd til 11. car.pool er ein herleg eksplosjon av 80-talls pop og moderne rock. Best servert live. For denne gjengen må ikkje berre høyrast, den må dansast med. Delegatar frå dei mange festivalane på 100 Dagar var ikkje i tvil, og det kjem ikkje du til å vere etter konserten på Bygdalarm heller!

Me er klar. Er du?

Foto: Peder Carlsen