Artistar

brenn.

Fyrste artist ut for Bygdalarm-mini er pønkrock-duoen brenn. !!

Musikken er rå og ærleg, sceneshowet proppfullt av energi og trøkk. Duoen har gjort konsertgåarar mållause over heile fjøla, og dei er kanskje blant dei aller beste live-gruppene som er akkurat no. Frå Roskilde til Malakoff til Øyafestivalen har dei hausta så mykje skryt at det ville gjort dei fleste flaue. Hausten 2019 var dei på turne med det nye albumet Elsker og vart nominert til «Årets liveartist» på P3 Gull.

Detta er to karar som storkosar seg på scena, og det smittar! brenn. er beviset på at rock framleis kan vere uredd, fri og himla moro. Detta blir kjekt!!