Artistar

Boy Pablo

Boy Pablo vart kåra til årets nykommar under P3 Gull, dei spelar den perfekte sommarpopen, og trommisen er ein vaskeekte Kvemming og Bygdalarmson! Betre blir det ikkje, syns me.

Syngande på ein kai med sola i augo sjarmerte Boy Pablo og bandet seg inn i hjarte over heile verda. Dette er eit nymotens musikkeventyr, for den heimelaga musikkvideoen til «Everytime» gjekk viralt på internettet, og Boy Pablo blei superstjerne. I skrivande stund er videoen sett 15 millionar (!!!) gongar på YouTube.

Boy Pablo, eller Nicolas Pablo Rivera Munõz, og bandet hans, som altså er klassekameratar frå vidaregåande på Os og inkluderar Sigmund Vestrheim frå Øystese, har brukt det siste året på å turnere halve jorda rundt, og til sommaren turnerar dei rett inn på Bygdalarmscena til oss! Og musikken? Det er herleg sjarmerande, småskranglete og ekstremt dansbar deilegpop.