Artistar

Bygdalarm mini!

Det blir festivalsumar likevel!

Me gjev oss ikkje på tap. Det blir eit lite Bygdalarm, tross alt!

Bygdalarm kjem tilbake til Øystese og hotellhagen hjå Hardangerfjord hotel for minifestival! Det blir arrangement torsdag, fredag og laurdag den opprinnelege Bygdalarmhelga 1.-3. juli, og sjølv om det vert avgrensa med billettar, vert stemninga i kjent og kjær Bygdalarmånd og heilt på topp.

Musikk, fjord, fjell og fonnautsikt, det er til å verte lukkeleg av.

Laurdag 19. juni kjem billettar i sal, då er det berre å hiva seg rundt! Artistane vert offentleggjort dei neste dagane, den fyrste kjem allereie i morgon! Så følg med på sosiale medium og nettsidene våre!

Me har 200 billettar til kvar dag, så her må ein vere om seg!

#sausidersmittevern